Deltakarane til den første delfinalen er klare!
fredag 07. mai 2010 06:58

dsc_0110

 

Tradisjonen tro startar NM på Lillehammer. Set av dato og tidspunkt med éin gong! Deltakarane er no klare, så held 

dykk fast ...

 

Progamleiaren har leidd både delfinalar og finalar i poesi-slam før, så deltakarar og publikum veit dei kjem til å vere i  logoengode hender når Liv Gulbrandsen tek opp mikrofonen! 

 

Oppvarmingsslammar Hannah Kvam (frå Queendom) er heller ikkje ny i gamet og skal sørgje for at både publikum og nye slammarar  får ein forsmak på kva det vil seie å eige scena og få med publikum.

 

 

Dei eminente deltakarane er ...

 

Jon Øystein Flink (f. 1976) er ein driven romanforfattar, hylla av kritikarane og no sist av ungdommen som vinnar av Ungdommens Kritikarpris for Sex, død og ekteskap. Flink debuterer som poet til hausten og nyttar høvet til å teste ut småversa på Lillehammer-publikummet.

 

Guro Sibeko (f. 1975) debuterte med romanen Vingespenn i fjor og er allereie ute med sin andre roman: Ctrl+Alt+Delete. Begge har fått masse merksemd og mykje godord.

 

Ove Røsbak (f. 1959) har gitt ut uhorveleg mange bøker innanfor dei fleste sjangrar, og særleg diktsamlingar. Det blir vanskeleg for han å velje ut tekstar til slammen!

 

Tarald Stein (f. 1977) gav ut diktsamlinga Framandkar for to år sidan og er no ute med nye dikt i samlinga Frikar. Samlingane tematiserer kjønn og identitet og har trigga interessa til lesarane og kritikarane.

 

Systrene Botheim debuterte med Pensjonatet Ramstein i fjor, ein sjangerbastard som blåste hatten av Litteratur-Noreg. Guro Sørumgård Botheim (f. 1978) og Sigrid Sørumgård Botheim (f. 1985) gjorde det kjekt å gå på boklanseringar igjen, og systrene blir dei første som står på scena i lag i ein delfinale i poesi-slam nokon sinne.

 

Vinnaren av delfinalen vinn ein bokpremie, men kanskje aller viktigast: ein inngangsbillett til Den Store Finalen på Litteraturhuset i Oslo 26. november. Her blir det rift om den gjevaste prisen: eit reisegåvekort på 10 000 kroner og ein funklande pokal med lokk (studer gjerne biletet frå finalen i fjor øvst i denne artikkelen!). For ikkje å nemne tittelen: Noregsmeister i poesi-slam!

 

Kontaktinformasjon


Foreningen !les
Øvre Vollgate 15
0158 Oslo
Tlf: 22 400 600
kristine@foreningenles.no