| Guro Sibeko vann på Lillehammer! |
| mandag 07. juni 2010 07:47 |
|
Guro Sibeko vann delfinalen på Lillehammer over særs gode konkurrentar med den svimlande høge poengsummen 106,1.
Delfinalen var spennande til siste ord, slammarane sjarmerte publikum og publikumsjuryane kunne ikkje anna enn å kvittere med høge poengsummar. Berre Tarald Stein hadde vore med på slam før, likevel var nivået svært høgt og erfarne publikumsslammarar meinte at delfinalen slo finalen i fjor ned i sokkane!
Jon Øystein Flink framførte blant anna diktet "Roger", som kjem til å gå inn i soga til poesislam her til lands, og systrene Botheim tøygde konseptet med ein på scenen, ein blant publikum. Røsbak steva OG dansa i takt.
Bok i P2 laga ein fin oppvarmingsreportasje til slammen med Flink og systrene Botheim som du kan høyre her (Bok i P2 28.5.10)
Resultat: 1. plass Guro Sibeko 106,1 poeng 2. plass Systrene Botheim 101,5 poeng 3. plass Jon Øystein Flink 98 poeng 4. plass Ove Røsbak 88,4 poeng 5. plass Tarald Stein 76,6 poeng
Har du spørsmål, ta kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen |
Kontaktinformasjon
Foreningen !les