| Nordisk Cup og verdscup i poesi-slam |
| onsdag 23. juni 2010 08:33 |
|
Tidlegare noregsmeistrar i poesi-slam, Therese Bakkevoll (2008) og Ron-Harry Røstad (2009) deltok på Nordisk Cup i Århus i april. Vinnaren gjekk automatisk vidare til finalen i verdscupen som gjekk av stabelen 12.-13. juni i Bobigny utanfor Paris.
Det var første gong ein Nordisk Cup blei arrangert, og cupen fekk opne litteraturfestivalen til Århus Vild med Ord. Dei norske deltakarane kom godt ifrå det: Ron-Harry Røstad kom på 3. plass og Therese Bakkevoll enda på 5. plass. Svenske Oskar Hanska gjekk av med sigeren, mens Olivia Bergdahl kom på 2. plass.
"Me følte oss litt som underdogs, og det var tydeleg at me var dei minst erfarne. Både i Sverige og Danmark er poesi-slam ein meir etablert sjanger som lever heile året i dei fleste byane. Det burde me også få til i Noreg!", seier Therese Bakkevoll.
Oskar Hanska var med i finalen i verdscupen der han kom på 4. plass som beste europear.
You Tube-klipp og meir frå finalen finn du på Oskar Hanska si heimeside.
|
Kontaktinformasjon
Foreningen !les